Ønskjer å så frø av miljøbevisstheit

– Vi håper at barnehagen kan vere med på å så eit frø av miljøbevisstheit hos barna, sjølv om vi ikkje akkurat trur at vi kan redde verda, seier styraren i Tronvik gardsbarnehage.

Tekst: SIW ELLEN JAKOBSEN

Skriv ut

Fuglane kvitrar og lamma breker. Ute på åkeren går kosegrisen Lillemor og gryntar i vårsola.

Det er ein vakker maidag i Tronvik gardsbarnehage. Inn porten kjem styrar Øystein Brogård. Han har vore på Felleskjøpet og kjøpt ein stor saltstein til sauen og lamma.

– Det er også ei oppgåve for ein styrar i ein gardsbarnehage, men eg trur ikkje det stod i stillingsinstruksen? spør Hilde Sofie Hjelseth og ler. Ho eig denne private barnehagen på Jeløya, berre nokre kilometer frå Moss sentrum.

Larven «Aldri mett» 

Fagområda i rammeplanen er med verksemda i Tronvik gardsbarnehage gjennom heile året.

– Vi har valt å ikkje ha spesielt fokus på eitt eller fleire fagområde, men syter for at alle får like mykje merksemd gjennom tema «Garden vår» og «Turar i nærområdet», fortel Hilde og Øystein.

Bortsett frå dyrelydane er det nesten heilt stille i barnehagen, som i alt har 93 barn, denne vårmorgonen.

Berre dei minste frå avdelingane «Småspirene» og «Lille-fjøset» tuslar roleg rundt. Dei største er på turar rundt omkring i nærområdet. Nokre av dei minste er inne saman med hønene, endene og kaninane, som held til i små hus nedst på området.

I Vitaminhagen møter vi vesle Ivo Ferdinand og vesle Iver som sit og grev i jorda.

Ivo Ferdinand er fornøgd. I dag meiner han at han har funne larven «Aldri mett», som dei har lese om i ei bok i barnehagen. Men han grov larven ned igjen. Han fann nettopp ein sprellande og fin mark som blir studert grundig, før han òg skal ned i jorda igjen. Snart skal jo alle dei spirande tomatplantene og dei andre vekstane som nå står i drivhuset, plantast ut. Da er det spennande å undersøkje kva for gode hjelparar som bur i jorda.

Ute på åkeren er jorda ferdig til å ta imot setjepotet og maisplanter.

I fjor sette barna to mål med poteter. I år skal dei utvide produksjonen og også satse på mais. Til hausten tek barna opp potetene, legg dei i posar og lagar salsboder. Så blir foreldre og naboar inviterte til å kjøpe poteter til ein god pris, i alle fall for barnehagen sin del.

Barna bestemmer kva formål pengane skal brukast til. I fjor bestemte dei at dei skulle gå til barnekreftforeininga i Østfold.

Barna får mykje ansvar

Mange barn veks i dag opp med at vi vaksne gjer nesten alt for dei. I Tronvik gardsbarnehage er dei opptekne av at barna skal ta mykje ansvar.

Kvar avdeling har kvar veke ansvar for kvar sine dyr. Dei skal gi dei mat, vaske vass-skåler, skifte høy, ta bort møkka. Og ikkje minst gi dei kjærleik. Det siste er ikkje så vanskeleg.

– Dei lærer at for at dyra skal ha det godt, må dei både stelle og kose med dei, seier Øystein.

Også planta krev mykje stell. Kvar vår startar dei med såing inne. Etterpå blir det planta ut i drivhuset før plantene blir sette i Vitaminhagen, som dei haustar regelmessig frå utover hausten.

Ikkje redd for at læringa tek for mykje plass

Begynner du i ein gardsbarnehage når du er ti eller tolv månader, blir gardsdrift ein naturleg del av dagen din, meiner styrar og eigar. Det ligg det mykje læring i.

Øystein er tydeleg på at den nye rammeplanen for barnehagen gir dei ei unik moglegheit for å friske opp det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

– Eg er spent på fokuset som blir sett på læring, og er ikkje redd for at leiken ikkje skal få den plassen han skal ha, seier han.

Maten blir ikkje fødd i frysedisken

Øysteins største utfordring som styrar i ein gardsbarnehage er tolmod.

– Eg har 100 idear til kva eg har lyst å gjere. Akkurat nå tenkjer eg mykje på at vi skal redde nokre gutegeiter, som elles berre blir slått i hel når dei blir fødde. Snakk om matsvinn!

Geitene skal ikkje berre reddast. Planen er også å slakte dei etter at dei har gått i barnehagen og hatt det fint ein sommer.

Men denne planen må modnast litt før Øystein tør setje han ut i livet.

– Barna treng å lære kvar maten kjem frå. Men vi må jobbe litt med å ufarleggjere dette, også for personalet.

Han trur ikkje barna skal vere med på sjølve slaktinga, men dei skal vere med på å stelle til kjøttet og lage mat av det.

Hilde er med på planen:

– Vi vil vise barna at vi kan ha godt samvit for å ete dyr når vi veit at dei har hatt eit godt liv. Sjølv om dei får eit heilt anna forhold til kyllingane her enn dei får til dei som ligg i kjøledisken på Rema.

Har levd ut ungdomsdraumen

Slakting eller ikkje. På ein vakker vårdag er Tronvik gardsbarnehage den reine idyllen.

– Nokre dagar skulle eg ønskje at eg var fire år og gjekk i denne barnehagen sjølv, seier Hilde.

Ho har grunn til å vere fornøgd. Da foreldra hennar kjøpte garden her på Jeløya, var ho 16 år. Allereie da begynte ho å fantasere om å opne ein gardsbarnehage her. Men ho skulle bli 36 år og utdanna både agronom og barnehagelærar før draumen vart ein realitet. Mykje arbeid ligg bak realiseringa av å få den slitne låven frå slutten av 1800-talet til å bli ein funksjonell barnehage.

I dag framstår låven som eit moderne bygg, men taket med dei gamle bjelkane minner oss fremleis om at vi er i ein låve.

Fiskens hjarte

På denne fine maidagen er det heilt stille i låven.

Nokre minutts gange nedover vegen – ned mot sjøen – finn vi nokre av barna. I båthuset og ved bryggene held avdelinga «Høyloftet» til denne formiddagen. Dei fiskar krabber, reker og samlar sjøgras i ei stor balje.

Ein lokal fiskar har akkurat vore på besøk. Han hadde med seg torsk og piggvar og sløgde fiskane slik at barna kunne sjå korleis dei ser ut inni. Spesielt spennande syntest barna det var å sjå fiskens hjarte.

Sjølv om havet ikkje er barne-hagens kjernetema, ønskjer Hilde og Øystein også å lære barna kva det gir oss. I samarbeid med ein nabobarnehage disponerer dei ein båt som dei også bruker på fine dagar.

Viktig å få meistringsfølelse

Vidare bortover stien langs havet møter vi på «Naturvennene», avdelinga med dei som skal begynne på skolen til hausten.

Vi ser først ein stor lavvo. Rundt lavvoen dukkar det etter kvart opp barn i alle høgder. Nokre i trea, nokre i huskene og andre nede i fjæra.

Siri Grafsrønningen er utepedagog. Ho meiner det er viktig at barna får mykje bevegelseserfaring det siste året før skolestart. Dei skal lære å bevege seg mellom stubbar og steiner i alle høgder.

– Det er veldig viktig at barna kjenner sin eigen kropp og får meistringsopplevingar. Når grovmotorikken først kjem på plass, er det lettare å få inn finmotorikken og sitje stille og skrive, seier ho.

Utforskar naturen praktisk og teoretisk 

Nokre av «Naturvennene» har med seg bøker om insekt frå barnehagen. Nå leiter dei etter marihøner, skrukketroll og anna som vaknar opp i vårsola, og som dei kan utforske og lære meir om gjennom bøkene.

Men nå er maten ferdig. På bålet varmar dei opp restane av ei grønsaksuppe som barna laga til foreldredugnaden i går.

Før vi set oss for å ete, øver dei på 17. mairopet til Tronvik gardsbarnehage:

Tronvik barnehage ut på ferden. Beste barnehage i hele verden. Dyr med pels og gris hos oss. Beste barnehage i hele Moss.

Reddar verda – bittelitt

Hilde og Øystein er opptekne av at Tronvik gardsbarnehage skal vere tru mot sine kjerneverdiar.

Barna skal få lære korleis maten kjem på bordet og få miljøbevisstheit inn som ein naturleg tankegang.

– Vi håper at barnehagen kan vere med på å skape eit frø av miljøbevisstheit hos barna, sjølv om vi ikkje akkurat trur at vi kan redde verda, seier Øystein.

– Nei, men det er ikkje så langt unna, seier Hilde og ler.

– Vi tenkjer at det kan få ringeffekt. Kanskje vil barna komme heim og påverke andre, både foreldre og besteforeldre, til å tenkje meir på dyra og miljøet. Men desse verdiane gir seg ikkje sjølv.

– Det er 30 tilsette som jobbar i barnehagen her, og vi må heile tida jobbe aktivt med dei. Det er trass alt dei som jobbar her, som er avgjerande for kvaliteten på barnehagen. Det hjelper ikkje kor fint og flott det er her. Vi må heile tida jobbe med felles verdiar og mål, seier Øystein.