Tips og ressurser

På denne siden finner du informasjon om utvalgte ressurser som du som jobber i barnehagen, kan ha særlig nytte av. Det kan for eksempel være filmer, nettressurser eller annet veiledningsmateriell.

Skriv ut

Ny rammeplan på udir.no

På udir.no/rammeplan er den nye rammeplanen tilgjengeleg med direkte koplingar til støttemateriell. Her finn du refleksjonsspørsmål, filmar, rettleiingar og ein plakatgenerator.
Les meir på nett: udir.no/rammeplan

Ståstadsanalysen

Ståstadsanalysen er eit refleksjons- og prosessverktøy for felles vurdering av barnehagens praksis. Verktøyet kan brukast av barnehagar som ønskjer å drøfte og vurdere sin eigen praksis opp mot rammeplanen som grunnlag for eit felles utviklingsarbeid. Analysen byggjer på lov om barnehagar og rammeplanen for barnehagen. Frå hausten 2017 vil Ståstadsanalysen komme i eit nyare format med nokre endringer. Det er gjort nokre tekniske forbetringar, og alle påstandane er endra i tråd med den nye rammeplanen. Ståstadsanalysen kan dermed vere eit nyttig verktøy for barnehagar for å jobbe med å implementere den nye rammeplanen.
Les meir på nett: udir.no/bsa

Nullmobbing.no

Nyttig informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar.
Les meir på nett: nullmobbing.no

Test deg sjølv!

I RefLex kan du teste deg sjølv og sjå om du oppfyller ulike krav i regelverket! Logg inn på reflex.udir.no med same brukarnamn som til BASIL, og prøv sjølv! Trykk på «?» for å finne ei utfyllande rettleiing til kvart spørsmål. Lykke til!
Les meir på nett: reflex.udir.no

Udirs foreldreundersøking for barnehagar

Mange barnehagar nyttar seg av foreldreundersøkingar som gir innsikt i korleis foreldra opplever barnehagen. Utdanningsdirektoratet har utvikla ei nasjonal foreldreundersøking. Her får foreldre og føresette seie si meining om barnehagetilbodet, barnas trivsel og samarbeidet mellom heim og barnehage. Det er frivillig for barnehagane å gjennomføre undersøkinga, og ho er gratis. Barnehagane som vil delta, må gjennomføre undersøkinga mellom 1. og 30. november.
Les meir på nett: udir.no/fuba

Barnehageundersøkinga «Starting Strong»

Noreg skal saman med åtte andre land delta i ei ny internasjonal spørjeundersøking retta mot styrarar og dei tilsette i barnehagen. Gjennom undersøkinga får barnehagetilsette moglegheit til å seie noko om eige arbeid og arbeidssituasjon. Spørsmåla handlar blant anna om trivsel, fagleg utvikling og pedagogisk praksis, og om andre tema knytte til leiing og arbeidsmiljø. Undersøkinga skal gjennomførast våren 2018, og resultata kjem i 2019.
Les meir på nett: 
udir.no/startingstrong