Hopp til innholdet

    Hei matematikk – 8 steg til meir matematikk i barnehagen

    Barn stiller naturleg spørsmål som har med matematikk å gjere. Og deira matematiske forståing er ein viktig del av deira kognitive utvikling. Ingvald Erfjord, som forskar på barn og matematikk, guidar dykk til å få meir liv i matematikken i kvardagen.

    SJÅ MATEMATIKK SOM LEIK

    Barn er naturleg opptekne av matematikk. Dei vil finne ut kven som er størst, kven som hoppar lengst, kven som er eldst. Dei samanliknar og måler og leiker på den måten med det som faktisk er matematiske omgrep. Matematikk i barnehagen er altså noko heilt anna enn den gjengse oppfatninga av matematikk som noko som høyrer til på skolen, og som handlar om at ein lærar forklarer pluss og minus, og korleis ein løyser ei likning. I barne-hagen er matematikk ein leik.

    BRUK MATEMATIKKEN SOM INSPIRASJON

    Det er mykje matematikk i mange av dei aktivitetane de allereie har i gang. Når barna byggjer ting med klossar, sorterer ting etter form, tel, klipper ut noko, lagar mønster i perleplater, slår med terningar, da arbeider dei blant anna med geometri, talforståing, symmetri, med noko sannsynleg. Forskinga viser at å innsjå at desse aktivitetane også er leik med mate-matikk, kan inspirere til andre pedagogiske aktivitetar som kan vere bevisst bygde opp omkring å undersøkje matematikk – for eksempel kva noko veg, måler, korleis mønster heng saman, osv.

    Gå med barna på matematikkskattejakt og leit etter ting som viser at matematik er meir enn strekar og bilete i ei bok.

    STILL SPØRSMÅL

    Svaret på eit matematisk problem er ikkje alltid så viktig. Av og til kan problemet vere vanskeleg, og det er barna med på. Og så snart du har svaret, er problemet ikkje så spennande lenger. Viss du i staden følgjer barns undring og sjølv stiller spørsmål, er du med på å stimulere deira nyfikne og deira evne til sjølv å finne løysingar og svar.

    GÅ PÅ SKATTEJAKT

    Matematikk finst overalt. I forma på dører, vindauge, tak og så vidare. Gå med barna på matematikk-skattejakt og leit etter ting som viser at mate-matikk er meir enn strekar og bilete i ei bok. Matematikk kan på den måten vere supervariert og føre til gode samtalar. Når de støyter på noko som liknar ein trekant, men likevel ikkje heilt er det, kan de snakke om korleis ein kan kjenne ein trekant.

    BRUK UTEROMMET

    Uterommet gir gode moglegheiter til å arbeide med matematikk. De kan samle ting og ta dei med tilbake til barnehagen og arbeide med sortering og eigenskapar. Furukongler er fine, for dei har blad som ein kan plukke av, så dei endrar form og vekt. Stein har ulik form – nokre er nesten kuleforma, andre avlange, nokre større og lettare enn andre – og de kan bruke ulikskapen til å arbeide med form, storleik, vekt, lengd.

    BRUK DEI DIGITALE VERKTØYA

    De kan bruke digitale kamera eller mobiltelefonar for å ta bilete av ulike former – runde, smale, kanta. Ta for eksempel bilete når de er på tur. Så kan de etterpå leite etter matematikk i bileta når de kjem tilbake til barne-hagen. De kan også finne spel på nettbrett eller datamaskin der barn kan leike seg til å arbeide med matematiske omgrep.

    SJÅ MATEMATIKKEN I SAMLINGSSTUNDA

    Samlingsstunda er ein sjølvsagd plass for å leike med matematikk. Å telje om alle er her, kor mange som har blå bukser, kor mange som har kort hår, osv. Eller Kims leik der ein viser fram ting på golvet, dekkjer det til og får barna til å hugse kva som ligg under teppet. Det kan for eksempel vere noko som er blått, har ei sirkelform, osv.

    SET ORD PÅ MATEMATIKKEN

    Du må gjerne bruke matematiske faguttrykk. Når du snakkar om geometriske former som trekantar og firkantar og sirklar, utviklar du omgrepsverda til barna. Du skaper eit språk som barna kan gjere til sitt eige. Men det er viktig at innhaldet følgjer med, at barna forstår kva orda beskriv. Dei fleste barn vil forstå kva det vil seie at noko er rundt, før dei veit at det heiter ein sirkel, og det kan vere svært individuelt når dei er klare til å setje ord på omgrepa.

    Trine Beckett

    Kilde

    Erfjord, I., Hundeland, P.S. & Carlsen, M. (2012):
    Kindergarten teachers’ account of their developing mathematical practice.
    ZDM Mathematics Education 44, 653-664.

    Mer inspirasjon

    På matematikksenteret.no finn du eigne barnehagesider med ressursar til integrering og bruk av matematikk og IKT i barnehagen. Nettstaden nysgjerrigper.no kan også gi inspirasjon til bruk av matematikk i kvardagen.

    Dialogkort