Hopp til innholdet

    Pedagogar skal også grave ned til kinesarane

    Pedagogar skal delta aktivt når barn kastar seg ut i den frie leiken på leikeplassen. Vi bør la oss inspirere av meisterlæretankegangen og investere oss sjølve i leiken, seier motorikkkonsulent Nanett Borre.

    Når Marianne kastar seg ned i sandkassa og hjelper Emma og Sebastian med å grave ned til kinesarane, elskar dei henne for det og med god grunn. Ho er nærverande og kroppsleg til stades. Det fortel Nanett Borre som er pedagog, motorikkonsulent og forfattar av boka «Små glade ben».

    – Som pedagog skal du vere kroppsleg til stades i barns leik – også når du ikkje deltek direkte. Vi skal passe på at vi ikkje blir ei slags vakt som går rundt ute på leikeplassen utan å leike. Vi skal møte barna kroppsleg og ikkje berre språkleg. Viss vi berre ser på barna, men ikkje sjølve deltek, viser vi ikkje at vi reint kroppsleg forstår kva barna driv med, seier Nanett Borre.

    – Når pedagogen grev etter kinesarar saman med barna i sandkassa, blir ho raskt ein likeverdig arbeidar i ei gruppe av djupt opptekne og kroppsleg sjølvgløymande barn.

    MEDLEVANDE VAKSNE

    Ho meiner det er oppgåva til dei vaksne å vere nysgjerrige og medlevande, slik at dei hjelper barna med å undrast over kva dei ser og opplever i løpet av ein heilt alminneleg dag. Pedagogane skal vere til stades med både kropp og hovud. Dei skal investere seg sjølve i leiken og setje noko i gang utan å overta styringa.

    – Når pedagogen grev etter kinesarar saman med barna i sandkassa, blir ho raskt ein likeverdig arbeidar i ei gruppe av djupt opptekne og kroppsleg sjølvgløymande barn, og med ein arbeidsleiar på berre fem år som også leier og organiserer arbeidet til pedagogen. Dette manglar i måten mange pedagogar er på i uterommet. Dei blir raskt tilskodarar framfor likeverdige deltakarar.

     

    MOTORISK MEISTERLÆRE

    Nanett Borre bruker meisterlæreprinsippet som eksempel på korleis relasjonen mellem barn og vaksne bør fungere. Meisterlæra er karakterisert ved at meisteren med eigen kropp viser, og ikkje berre fortel, korleis arbeidet skal gjerast. Meisteren handlar, fortel og dreg lærlingen inn i arbeidsprosessen og skaper eit felles rom for oppleving og læring.

    Nanett Borre fortel at meisterlæreprinsippet ikkje berre gjeld for innlæringa av fysiske bevegelsar, men også gjeld når det handlar om kroppsoppfatning og gleda ved å bruke kroppen og bevege seg:

    – Forholdet til kropp og kroppslegheit hos dei vaksne er avgjerande for korleis barnet forstår seg sjølv. Den måten ein blir møtt på kroppsleg, har mykje å seie for korleis ein oppfattar seg sjølv. Derfor handlar det for pedagogane om å vere med ved å vise glede og ved å tore å vere der. Vi skal vere både dei første og dei siste på dansegolvet.

    Julie Hardbo Larsen

    Dialogkort