
Forskingsdatabasen
Dersom du vil vite meir om forskinga som ligg bak artiklane i Vetuva, eller gjerne vil vite kva forskarar elles seier om barnehagar, så klikk deg inn på forskingsdatabasen www.nb-ecec.org. Her finn du fleire hundre forskingspublikasjonar, publiserte av skandinaviske barnehageforskarar.
nb-ecec.org
NB-ECEC står for Nordic Base of Early Childhood Education and Care. Databasen inneheld kvalitetsvurdert forsking frå Noreg, Danmark og Sverige – og er gratis å bruke.
Finn fram
I søkjefeltet kan du skrive kva du er interessert i å vite meir om. Du kan for eksempel søkje på eit emne, ein forfattar, ein spesiell forskingsmetode, eller det landet du gjerne vil sjå forsking frå. Du kan også gjere eit guida søk, der du kan velje førehandsdefinerte emne.
Når du er kjem inn på sida med det relevante studiet, kan du velje ulike inngangar for å få vite meir om det. Du kan lese meir om formålet med studiet, få eit kort samandrag av dei viktigaste resultata, og du kan lese om korleis forskinga er designa, og om kven som står bak.
Dersom studiet er elektronisk tilgjengeleg for ålmenta, kan du laste det ned og lese det når du vil.
Les meir på nett: www.nb-ecec.org