
Barnehagen kan hjelpe barn som strevar med språk
I barnehagealder lærer barn nye ord i høgt tempo. No har forskarar vist korleis det er mogleg å styrkje språket også for dei barna som strevar.
Barn som har eit godt ordforråd og eit rikt språk i fireårsalderen, held ofte fram med å ha ei positiv utvikling. Barn som strevar med språket når dei er rundt fire år, klarer som regel ikkje å hente inn dette forspranget.
Men no har forskarar vist korleis det er mogleg.
Systematisk språkstimulering
Kan dei språklege forskjellane mellom barn jamnast ut alt i barnehagen, slik at dei som strevar med språket, får betre føresetnader når dei begynner på skulen?
Dette var ei forskargruppe interessert i å finne ut av. Åste Mjelve Hagen og forskerkolleger begynte med å kartleggje ordforrådet til alle barnehagebarna i to kommunar som var fødde eit bestemt år. Alle hadde norsk som hovudspråk.
35 prosent av barna som kunne færrast ord – 300 barn – blei valde ut til å få systematisk språkstimulering. Dei fleste av desse barna hadde ikkje omfattande språkvanskar, men mindre utfordringar som gjorde at dei kanskje ville profittere på litt ekstra oppfølging.
I eitt år fekk halvparten av barna ta del i små økter med språkstimulering tre gonger i veka. Det var barnehagelærarane som var ansvarlege for å gjennomføre opplegget som forskarane hadde laga.
Den andre halvparten av barna som hadde språklege utfordringar, fekk ikkje noko slikt tilbod. Dei følgde vanlig praksis i barnehagen. Denne siste gruppa utgjorde det forskarane kallar ei kontrollgruppe.
Mønster, retning og storleik
Språkstimuleringa bestod av ulike leikbaserte tiltak. Eitt tiltak var at ein vaksen las for barna på ein spesiell måte, utvikla av forskarar, såkalla dialogisk lesing. Det inneber at barna får spørsmål om teksten og deltek i ein diskusjon om kva som skjer i historia dei får høyre.
Forskarane hadde valt ut nokre ord som dei kalla vekas ord. Desse orda blei bakte inn i historiene. Det blei òg knytt nokre aktivitetar til orda. Vekas ord var ord som barna ikkje nødvendigvis lærer seg spontant eller høyrer i talespråket, men som dei vil komme meir i kontakt med når dei les. Nokre døme på slike ord er mønster, retning og storleik. Forskarane tenkjer at barna kan ha ekstra utbyte av desse orda fordi dei ofte blir brukte på tvers av faga i skulen.
Fann ein tydeleg forskjell
Alle barna som var med i prosjektet, hadde altså først fått kartlagt språket av forskarane. Barna blei òg kartlagde straks etter tiltaket. Til sist blei dei nok ein gong kartlagde sju månader etter. Då hadde barna gått eit halvt år i første klasse på barneskulen.
Forskarane fann ein tydeleg forskjell mellom dei to barnegruppene – altså dei som hadde vore med på tiltaket, og dei som hadde vore i kontrollgruppa.
Barna i språkgruppene utvikla eit betre språk og fekk ei betre språkforståing enn barna som ikkje hadde fått språkstimulering i barnehagen.
– Denne effekten varte framleis etter sju månader, fortel Hagen.
Barna som deltok i forsøket, går no i fjerde klasse på barneskulen, og forskarane er igjen ute i skulen for å kartleggje dei.
– Vi held no på å samle inn data for å sjå om tiltaket vårt har langtidseffektar òg, fortel forskaren.
Barnehagen viktig for endring
Ei rekkje tidlegare undersøkingar har vist at barnehageåra har mykje å seie for språkutviklinga. Barn som kan mange ord og omgrep, blir flinkare til å samtale når dei begynner på skulen. Desse barna har òg lettare for å lære å lese og skrive.
Dersom vi ikkje gjer noko for dei barna som strevar med språket, skjer det heller ingen endringar. I frileiksituasjonar vil barna med eit rikt språk bruke språket mykje, mens dei som strevar med språket, ofte risikerer å bli verbalt dominerte.
– Det verkar som om dei som strevar med språket, ikkje klarer å nærme seg dei som har eit rikt og avansert språk, på eiga hand. Dersom vi vaksne ikkje gjer noko, skjer det inga utjamning, seier Hagen.
Derfor er barnehagen ein viktig arena for å få til ei endring, meiner ho.
Ikkje alle var begeistra
Men ikkje alle barnehagelærarar var begeistra for dette prosjekt, rapporterer Hagen.
– Nokre var veldig motiverte og syntest det var kjempespennande. Vi har òg fått tilbakemelding om at fleire har halde fram med mykje av dette for andre barn i etterkant. Men enkelte barnehagelærarar syntest at det var veldig vanskeleg å finne tid til dette arbeidet. Det krev jo ekstra ressursar å ta ut ei lita gruppe barn til slike opplegg nokre gonger i veka. Mange gjennomførte ikkje alt.
Likevel klarte altså fleire barnehagetilsette å løfte nokre av dei barna som strevde med språk. Samanlikninga med barna i kontrollgruppa viste at det fungerte.
– Eg trur at enkelte barn har behov for ei meir systematisk og intensiv språkstimulering enn det barnehagane vanlegvis gir. Dette prosjektet viser at det å leggje inn så mykje ressursar over lang tid, faktisk kan hjelpe barn med språklege utfordringar, seier Hagen.
Studien har vore det forskarar kallar ein randomisert, kontrollert studie. Metoden blir rekna som den beste for å finne ut om eit tiltak faktisk fungerer og har effekt. I denne studien blei deltakarane (barna som sleit språkleg) delte opp tilfeldig (randomisert) i to grupper. Den eine gruppa fekk vere med på eit tiltak. Den andre gruppa følgde vanleg praksis. Dette var kontrollgruppa. Gruppene i eit slikt forsøk bør vere så like som mogleg, slik at forskarane kan bli tryggare på at eit eventuelt resultat skriv seg frå tiltaket den eine gruppa har fått.

Siw Ellen Jakobsen

Kilde
Hagen, Å.M.; Melby-Lervåg, M. & Lervåg, A. (2017). Improving Language Comprehension in Preschool Children with Language Difficulties: A Cluster Randomized Trial. Journal of Child Psychology and Psychiatry 58(10), 1132–1140.
