Hopp til innholdet

    Dialogkort: Etikk

    Danning skjer gjennom refleksjon

    Artikkelen handlar om digital danning og korleis personalet kan leggje til rette for at barn får erfaring med å bruke digitale medium, og korleis barn kan øve opp evna til å sjølv å vurdere og reflektere rundt innhaldet på skjermen. Forskaren seier: Det er balansen mellom for mykje og for lite, mellom det å vere for romslege og for tilbakehaldne som det er viktig å finne. Det å snakke om noko er eit verkemiddel for danning.

    Til diskusjon:

    • Korleis bruker vi digitale hjelpemiddel i barnehagen vår?
    • Reflekterer vi saman med barna om mengda/omfanget av databruken?
    • Reflekterer vi saman med barna om innhald, for eksempel kva gjer vi når vi kjem inn på sider med uønskt innhald?

    Slik bruker du dialogkortene

    Du kan bruke dialogkortene som utgangspunkt for faglig refleksjon – på personalmøtet,
    ledermøtet og foreldremøtet. Dialogkortene tar utgangspunkt i artiklene i Vetuva.