Barnehagetilsette kan bli emosjonelt utmatta

Uklare roller. Uklare forventingar. For mange arbeidsoppgåver i forhold til tida som er til disposisjon. Slik kan barnehagetilsette oppleve at dei blir tappa for krefter.

Tekst: BÅRD AMUNDSEN

Skriv ut

Forskar Mette Løvgren har i ein studie snakka med 2500 tilsette i 588 norske barnehagar og har bidrege til å avdekkje noko få andre barnehageforskarar har sett tidlegare.

Då Løvgren sette i gang med denne studien, hadde ho ein hypotese om at barnehagelærarar oftare enn assistentar blir emosjonelt utmatta av jobben, og at det var fordi dei har fleire og meir krevjande arbeidsoppgåver.

Litt overraskande fann ho at det ikkje stemmer: Barnehagelærarar blir ikkje oftare emosjonelt utmatta av jobben enn assistentar. Og når personar med leiaransvar i barnehagen blir emosjonelt utmatta, kjem det som regel ikkje av personalansvaret.

Foreldrekontakt er derimot ein viktig faktor.

Sjukdom og sjukefråvær

Statistikk over sjukdom og sjukefråvær tyder på at barnehagetilsette kan ha utsette jobbar, for sjukefråværet er blant det høgaste i norsk arbeidsliv.

Internasjonale studiar har konkludert med at barnehagetilsette som sluttar eller planlegg å slutte i jobben, er emosjonelt utmatta i langt større grad enn kollegaer som held fram i jobben. Er barnehagetilsette sjuke på den eine eller andre måten, kan det dessutan gå utover andre enn dei sjølve – det kan òg ramme barna dei jobbar med.

Emosjonell utmatting

Emosjonell utmatting er ikkje nokon heilt presis diagnose. Symptom på emosjonell utmatting kan vere at ein blir lite engasjert, kynisk og amper og får låg toleranse for stress. I meir alvorlege tilfelle kan emosjonell utmatting føre til at ein blir utbrend og deprimert.

Tre viktige aspekt

Det er tre aspekt som er viktige i kvardagen til ein barnehagetilsett:

  • Er arbeidsrolla avklart?
  • Kva forventingar møter 
 den tilsette?
  • Får den tilsette støtte 
 frå kollegaene?

I tråd med funn frå tidlegare studiar finn Mette Løvgren at norske barnehagetilsette som veit kva som blir forventa av dei, som har tru på seg sjølve i jobben, og som opplever å få støtte av kollegaer, er dei som har det best på jobben og er minst utsette for emosjonell utmatting.

Utmatta av kontakt med foreldra

I ein gjennomsnittleg norsk barnehage er ein barnehagelærar saman med barna vel 60 prosent av dagen, mens knappe 40 prosent av arbeidsdagen blir brukt på andre oppgåver. Assistentar er saman med barna over 80 prosent av arbeidstida.

Løvgren fann ikkje at arbeidet med personalsaker og andre administrative oppgåver gjer barnehagelærarane noko særleg emosjonelt utslitne, slik ho hadde rekna med. Altså må det vere noko anna som påverkar dei negativt.

– Det eg fann, er at kontakten med foreldra kan gjere barnehagetilsette meir emosjonelt utmatta.

– Det er overraskande, synest eg. Barnehagelærarar er jo utdanna til å ta hand om foreldra. Dei er òg utdanna til å undervise barn. Dei burde ha både kunnskapen og verktøyet som trengst for å handtere begge oppgåvene og utfordringane som følgjer med.

Kva er det med foreldrekontakten?

Det kan vere noko særskilt med det å ha kontakt med foreldre som gjer at enkelte tilsette blir meir emosjonelt utmatta, meiner forskaren.

Både barna og foreldra er barnehagebrukarar. Dei tilsette kan oppleve at foreldra kontinuerleg evaluerer dei.

– Det vil ikkje seie at foreldra nødvendigvis er kritiske eller vanskelege, men det at foreldra er brukarar, kan likevel vere ein krevjande dimensjon ved arbeidet i barnehagen.

Når vi ser at foreldrekontakt bidreg til emosjonell utmatting hos dei tilsette, må vi vurdere om det er for få ressursar til denne viktige delen av jobben, seier Løvgren.

Ho foreslår at barnehagestyrarar tek opp dette temaet med dei tilsette, og at dei saman finn løysingar for 
å handtere situasjonar eller periodar der den enkelte tilsette kan oppleve foreldrekontakten som krevjande.