Den frie uteleiken gjer enkelte barn passive

Den frie uteleiken kan gjere dei passive barna meir passive. Derfor bør personalet jobbe meir med det sosiale miljøet i uteområda for å få alle barn involverte i leik, meiner forskar.

Tekst: SIW ELLEN JAKOBSEN

Skriv ut

Variasjon i terrenget og ulike leikeapparat i utemiljøet i barnehagen kan gi barna meir leikeglede. Men dette er ikkje nok for alle, meiner forskar Kathrine Bjørgen.

Ho meiner at det kan vere på tide å jobbe med det sosiale miljøet i uterommet, ikkje berre med den arkitektoniske utforminga av uteområda til barnehagen, som har fått mykje merksemd dei siste åra.

Bjørgen har gjort observasjonar og videoopptak av 24 barn i ein norsk barnehage. Ho ønskte å få meir kunnskap om kva som skaper trivsel, involvering og auka fysisk aktivitet hos 3–5-åringane i uteleiken i barnehagen. Det er stor forskjell på barna når dei leiker ute, finn ho.

Nokre blir gåande åleine

Den frie uteleiken fører ikkje automatisk til høgt aktivitetsnivå hos barna, uansett kor godt uteområdet er lagt til rette. Uteleik kan faktisk gjere enkelte barn meir passive, meiner ho.

– Barn med mange venner får ofte eit høgt aktivitetsnivå ute. Dei leiker med vennene sine og utfordrar kvarandre i fellesskap. Men dei som ikkje like lett blir inkluderte sosialt med andre, kan faktisk bli meir passive når dei skal leike fritt ute i barnehagen.

Særleg i barnehagar med store utemiljø kan somme bli gåande mykje åleine utan å bli involverte i leik med andre barn, meiner ho.

Må inviterast inn i leiken

Nokon må invitere dei passive barna inn.

– Det er viktig at personalet oppmuntrar og motiverer til leik. Eg ser tydeleg at vaksne som er aktivt involverte ute, får med seg mange fleire barn i leiken. Det ser ut til å skape meir trivsel, tryggleik og meining for barna. Barn liker å bli sett og høyrde. Dei treng oppmuntring og stadfesting når dei leiker, seier ho.

Det betyr ikkje at dei vaksne skal styre all uteleik, meiner Bjørgen. Barna må sjølve få bestemme kva dei vil leike med, og bevege seg slik dei har lyst til.

– Det er viktig at det er rom for frileik. Men personalet kan gjerne setje i gang leiken og oppmuntre barna frå sidelinja utan å bryte for mykje inn.

Forskaren meiner at det kan vere lurt for personalet å ha ein idédugnad der dei diskuterer kva dei skal gjere i utetida for å unngå at enkelte barn blir passive og kjedar seg.

– Det kan òg gjere at utetida blir meir meiningsfull for personalet sjølv. Dei er jo ofte i det same utemiljøet år etter år, og då er det lett å gå seg fast 
i rutinar, meiner ho.

Meir aktive på tur

Bjørgen har òg følgt barna når dei har vore på tur. Ho fann då at barna får eit høgare aktivitetsnivå når dei går utanfor barnehagen sitt område. Det har også andre studiar vist, fortel ho.

– Det kjem ikkje berre av at dei går mange fleire skritt når dei er på utflukter i naturen, enn når dei leiker ute i barnehagen. Naturelementa fremjar òg andre typar aktivitetar 
enn dei fastmonterte leikeapparata i barnehagen gjer. Det blir meir spontanitet i leiken, og det ser ut til å gjere gleda over å bevege seg større.

Men her er det sjølvsagt store forskjellar i tilbodet i utemiljø mellom barnehagane, seier Bjørgen.

Sosialt sterkare på tur

Sosialt ser det òg ut til å skje noko når barna går på tur utanfor barnehagen, ser forskaren.

Barna held tettare saman, og dei tek meir vare på kvarandre. Dersom dei oppsøkjer ein stad i skogen, skjer leiken på eit meir avgrensa område. Då blir fleire inviterte til å delta i fellesskapsleikar, og sosiale relasjonar blir forsterka.

– Det verkar som om barnegruppa blir sosialt sterkare av å vere på tur i naturen, seier Bjørgen.