Matematikk er meir enn tal

I ein svensk studie har ein undersøkt korleis barnehagelærarar jobbar med matematikk. Mens deltakarane i studien jobba mykje med talforståing, var det mindre fokus på rom, former og geometri.

Tekst: MAGNUS HOLM

Skriv ut

Matematikk er eit viktig fagområde, også i barnehagen. Det er eit stort og omfattande tematisk område som inkluderer mange typar kunnskap og ferdigheiter. Matematikk kan ein både forstå, lære og undervise i på forskjellige måtar. Kva legg barnehagelærarane i matematikkomgrepet, og korleis jobbar dei eigentleg med matematikk i barnehagane? Det ønskte den finske forskaren Camilla Björklund å finne ut meir om. Saman med forskar Wolmet Barendregt har ho undersøkt det matematiske medvitet til svenske barnehagelærarar.

Det fysiske rommet

Björklund og Barendregt laga eit spørjeskjema som dei sende til 147 barnehagelærarar i Sør- og Midt-Sverige. Dei 116 svara dei fekk, tydde på at dei fleste barnehagelærarar er merksame på det fysiske miljøet i barnehagen og bruker det når dei oppmuntrar barna til å utforske matematiske omgrep og samanhengar, til dømes plassering og retning. Likevel brukte lærarane 
sjeldan det fysiske rommet som utgangspunkt for å diskutere matematiske konsept eller gi barna nye matematiske utfordringar.

– Resultata viser at lærarane ofte snakkar om den matematikken barna legg merke til sjølve, men dei problematiserer sjeldan matematikken. Det vil seie at dei ikkje utfordrar ideane og evnene til barna når barna ikkje kjenner innhaldet eller strategiane frå før, seier Björklund.

Å gjere det usynlege synleg

Deltakarane i studien svarte at dei ofte hadde matematikk i tankane når dei planla aktivitetar. Dei fleste sa at dei som regel tok utgangspunkt i den matematikken som oppstod i aktivitetar som barna sjølve hadde teke initiativ til. Langt færre sa at dei la opp til meir målretta utforsking av spesifikke matematiske prinsipp.

– Mange barn ser ut til å lære seg mykje sjølve og stiller spørsmål som gir dei grunnleggjande kunnskap. Men oppdraget til barnehagen er å gjere det usynlege synleg. Det vil seie å gjere barn merksame på ting dei erfarer og opplever, men òg å tilby dei kunnskap som dei ikkje sjølve er merksame på, seier Björklund.

– Når barn har kunnskap om omverda, styrkjer det sjølvkjensla deira og støttar dei i leiken og i andre situasjonar der dei kan bruke matematikk for å beskrive verda og løyse problem.
– Oppdraget til barnehagen er å gjere det usynlege synleg.

Geometrien glepp

Deltakarane i studien svarte at dei jobba mykje med talforståing, men langt mindre med rom, former og geometri. Björklund meiner det er vanskeleg å seie kva dette kan komme av. Ei mogleg forklaring kan vere at dei ikkje oppfattar desse aspekta som matematikk. Det kan òg vere at det rett og slett er meir utfordrande å jobbe med denne typen matematikk i barnehagen. Uansett kva det kjem av, er det uheldig dersom barnehagelærarane ikkje er bevisste på geometri og mønstergjenkjenning. Dersom dei jobbar lite med dette i barnehagen, kan barna gå glipp av mykje, meiner Björklund.

– Det er problematisk på den måten at barn som ikkje sjølve spontant legg merke til matematiske samanhengar og utforskar dei i leik, går glipp av grunnleggjande ferdigheiter som den formelle undervisninga i skulen byggjer vidare på. Sjølv om ein konkretiserer matematikken i skulen med forskjellig materiell, treng barn å utvikle ei kjensle for tal og samanhengar alt før dei begynner på skulen, seier ho.

Den viktige kunnskapen

Björklund og Barendregt finn òg grunn til optimisme i resultata frå studien. Dei nemner mellom anna at deltakarane i studien er flinke til å snakke med barna om matematikk, og at dei er nysgjerrige på spørsmål frå barna og oppdagingar dei gjer. Det er eit veldig godt utgangspunkt for å kunne vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og den matematiske kunnskapen til personalet, skriv forskarane. For å hjelpe barna med å lære og forstå den mangfaldige matematikken må barnehagelærarane nemleg ha kunnskapen i orden sjølve.

– Dersom ein har god kunnskap om matematikk, ser ein òg kvar ein kan fange opp matematikken og undersøkje tal, rom og ulike samanhengar. Men dersom ein er usikker på matematikken, blir det vanskeleg å utnytte spontane hendingar og sjå dei som noko spennande som ein kan utforske saman med barna, seier Björklund.