Barnehagelærarar endra syn på vurdering

Debatten har vore både hard og polarisert. ­Enkelte har vore klart for, andre har vore sterkt imot. Men synspunkta kan bli meir nyanserte dersom barnehagelærarane får høve til å utvikle ein praksis basert på profesjonelle kunnskapar og verdiar.

Tekst: SIW ELLEN JAKOBSEN

Skriv ut

Barnehagelærarane ønskjer sjølve å utvikle ein bevisst og forsvarleg praksis for å kartleggje og vurdere korleis barn trivst og utviklar seg i barnehagen, seier forskarane Liv Torunn Eik og Gerd Sylvi Steinnes etter å ha gjennomført eit forskings- og utviklingsprosjekt knytt til temaet i to norske barnehagar. Eit prosjekt som først møtte motstand.

Er vurdering eit negativt ord?

Barns trivsel og utvikling står sentralt i den nye rammeplanen for barnehagen. Styrarar og barnehagelærarar har fått ansvar for å vurdere om barna trivst og har rammer for allsidig utvikling.

Prosjektet til Eik og Steinnes gjekk ut på å samle barnehagelærarar og styrarar frå to ulike barnehagar, éin kommunal og éin privat, til gruppesamtalar og seminar. Temaet skulle vere vurdering.

– Det var motstand mot å bruke omgrepet vurdering i det heile teke. Vurdering er blitt eit negativt ladd ord for mange, seier dei. Utdanningsforbundet initierte prosjektet. Forbundet hadde eit håp om at prosjektet skulle skaffe kunnskap om barnehagen sine prosessar, arbeidsmåtar og grunngivingar i vurderingsarbeid knytt til trivselen og utviklinga til barna. Prosjektet skulle skaffe erfaring med kva som er viktig for å byggje ein vurderingskultur i barnehagen. Utdanningsforbundet hadde òg eit håp om at profesjonen skulle få eit styrkt språk om vurdering.

Pålagde språktestar

Motstanden var særleg stor i den kommunale barnehagen. Der hadde motstanden utvikla seg etter at dei tilsette var blitt pålagde å språkteste alle barn med eit bestemt verktøy.

– Dei tilsette følte eit veldig press om å vurdere på éin spesiell måte. Dei var òg bekymra for korleis andre, til dømes skulane, brukte vurder­ingane deira vidare. Dei tilsette frykta at dei sende vidare informasjon som seinare kunne bli stigmatiserande for barna. Vi opplevde at dei tilsette i barnehagen hadde stor respekt for barna, og at dei ikkje ville påføre dei noko som ikkje var gunstig.

I den private barnehagen kunne dei tilsette sjølve velje kva for metodar dei ville bruke i vurderingsarbeidet. Der var det mindre motstand mot vurdering, fortel forskarane.

Ønskte å få fram nyansane

I eitt og eit halv år heldt forskarane på med dette forskings- og utviklingsprosjektet. Dei hadde fleire gonger gruppesamtalar med både barnehageeigarane, leiarane og barnehagelærarane.

Til desse seminara inviterte dei òg andre forskarar, som snakka om vurderingar ut frå ein fagleg ståstad. – I debatten har det vore mange sterke stemmer som har vore ­avvisande til kartlegging og ­vurdering. Men dei faglege arg­umenta har ikkje komme veldig tydeleg fram. Det er blitt ein svært polarisert debatt: for eller imot kartlegging. Vi ønskte å få fram fleire nyansar og vise korleis barnehagelærarane sjølve ønskte å drive fram ein fagleg og etisk forsvarleg vurderingspraksis, seier Eik.

Kva er trivsel?

I rammeplanen for barnehagen er det lagt vekt på trivsel og allsidig praksis. Barnehagelærarane har ansvar for å vurdere om barna trivst. Dei skal òg vurdere om barna har rammer for allsidig utvikling.

Forskarane fann at styrarane i barnehagane var opptekne av det overordna pedagogiske ansvaret sitt. Dei var òg opptekne av å få meir systematikk i arbeidet, slik at det kunne bidra til å heve kvaliteten på barnehagane. Vurderinga av barnas trivsel og utvikling hadde tidlegare skjedd meir sporadisk.

Men korleis veit vi eigentleg om barn trivst i barnehagen? Det er eit krevjande spørsmål, påpeiker Steinnes. – I byrjinga av seminara vi hadde med barnehagelærarane, snakka dei om at eit barn som trivst, kjem strålande glad inn i barnehagen og viser tydelege teikn på at han eller ho gjerne vil vere der. Men etter kvart fekk vi òg døme på at eit barn som trivst, òg kan vere eit barn som tør å protestere høglydt og tør å vere sint på dei vaksne. Det å vere trygg og våge å vise heile kjensleregisteret sitt, er òg ein tydeleg indikasjon på trivsel.

Fleire barn kom på blokka

Under prosjektet gjekk barnehagelærarane med små notisbøker i lomma der dei skreiv ned observasjonar i kvardagen. – Derfor kalla vi rapporten frå prosjektet «Fleire barn på blokka». At fleire barn blei systematisk observerte i denne perioden, var typisk for prosjektet vårt.

– Vi fekk presentert erfaringar om at barnehagelærarar begynte å samarbeide meir systematisk for å få fram fleire nyansar og fleire syn på barna.

Meir eigarskap til eiga vurdering

Forskarane såg òg ei anna interessant utvikling: – I byrjinga la ein mest vekt på barnet og problema til barnet, men etter kvart blei barnehagelærarane meir opptekne av seg sjølve og sin eigen veremåte. Var det faktorar i miljøet som kunne fremje eller hemme trivsel? Dei fekk rett og slett eit meir kritisk blikk på kva dei sjølve kunne gjere for å få barn til å trivast.

Forskarane meiner at barnehagelærarane fekk meir eigarskap til sin eigen vurderingspraksis. Dei stolte på sine eigne vurderingar og sitt eige ansvar. Dei såg òg klart nytten av vurderingar i arbeidet med barns trivsel.

Avkriminalisering av vurderingsomgrepet

Vurderingsarbeidet er ein krevjande, men utruleg viktig del av det å jobbe i barnehage, meiner Eik og Steinnes. Det heng saman med vurderinga av den tilsette sitt eige arbeid og ansvaret for at barna har det bra. Arbeidet blei meir systematisk etter at dei tilsette hadde fått meir kompetanse og ­erfaringar med vurderingsarbeid.

Det skjedde òg noko med språket. Barnehagelærarane blei flinkare til å grunngi vurderingane dei gjorde, meiner forskarane. – På ei av dei siste samlingane sa ein deltakar: «No har vi avkriminalisert omgrepet vurdering.»

Sunn skepsis

Men barnehagelærarane hadde òg ein sunn skepsis til kva som kom ut av vurderingane dei gjorde, meiner forskarane. Eik meiner ei anna fråsegn frå ein av barnehagelærarane samanfattar dette på ein god måte: «Det er viktig med fleire barn på blokka, men blikket til barnehagelærarane må ikkje berre vere på blokka. Det må primært vere på barnet.»

Noko anna barnehagelærarane oppdaga då dei jobba meir systematisk med vurdering, var at dei sparer tid. Dersom dei hadde behov for å søkje hjelp hos ein annan instans, til dømes PP-tenesta, hadde dei alt dokumentert utviklinga til barnet. Då fekk dei tidlegare hjelp. Samtidig såg dei at ein meir systematisk vurderingspraksis førte til at langt fleire barn med behov for oppfølging faktisk blei oppdaga.