Ein liten gut sit ved bordet og legg puslespel. Plutseleg lener han seg for langt ut og ramlar av stolen. Det gjer sjølvsagt vondt, og guten begynner å gråte. I det same kjem ein av barnehagelærarane forbi. Kva gjer han for å trøyste guten? Og korleis reagerer guten? Lèt han seg trøyste?
Dette er ein av situasjonane Asta Cekaite og Malva Holm Kvist har analysert. Dei to forskarane har brukt videoobservasjonar til å sjå på samspel og sosialisering i kvardagslege aktivitetar i svenske barnehagar. I ein forskingsartikkel undersøkjer dei korleis omsorgspersonar i barnehagen reagerer når barn græt.
Cekaite og Holm Kvist hadde lagt merke til at det ofte var barn i barnehagen som græt. Likevel er dette eit område det ikkje er forska så mykje på, ifølgje Cekaite.
– Vi har ikkje klart å finne særleg mykje forsking på korleis ein svarer på barnegråt i barnehagen. Denne studien handlar om korleis ein kan trøyste barn, og korleis ein gjer det gjennom kroppslege handlingar, seier ho.
Berøring i praksis
Cekaite og Holm Kvist brukte videokamera til å dokumentere daglege aktivitetar i to barnehagar. I to månader observerte dei 20 barn i alderen 2,5–5 år i samspel med fire kvinnelege og éin mannleg barnehagelærar. Til slutt sat dei igjen med 20 timar video. Til saman dokumenterte dei to forskarane 50 tilfelle der barn græt. I alle tilfella reagerte dei tilsette ved å snakke til barna. I 33 tilfelle brukte dei òg ulike former for berøring for å trøyste barna.
– I intervju seier dei tilsette ofte at dei ikkje nyttar berøring, men i praksis ser vi at dei faktisk gjer det, seier Cekaite.
Det var særleg når barna slo seg eller var veldig lei seg, at dei vaksne brukte berøring for å trøyste dei. Berøring blei brukt saman med ord og roande lydar og kunne brukast på mange forskjellige måtar. Ein vaksen kunne til dømes reagere på høglytt og langvarig gråt ved å løfte barnet opp og halde det tett inntil seg. Og barnet lèt seg som regel trøyste. Forskarane fann at dei gråtande barna sjeldan avviste slik trøystande berøring.
– Særleg når dei græt, kjem dei oftare nærmare og rekkjer opp armane og viser at dei gjerne vil bli trøysta på denne måten, fortel Cekaite.
Noko som høyrer til det å vere menneske
Dei fleste som har hatt ansvar for små barn vil nok kjenne igjen funna til Cekaite og Holm Kvist. Både barnegråt og trøyst i form av ord, lydar og berøring er daglegdagse fenomen. Ikkje berre i Skandinavia, men òg andre stader.
– Eg jobbar òg med ein del forskarar i andre land, mellom anna i USA. Vi ser at dette med den nære kroppslege kontakten er ganske universelt kulturelt, seier Cekaite.
Ho kan fortelje at forskarane ofte ser denne trøystande praksisen heime hos familiar. I institusjonell samanheng er det derimot ofte ein del restriksjonar rundt kroppskontakt, særleg i USA og Storbritannia.
Denne praksisen varierer òg ein del mellom ulike institusjonar. Her speler sjølvsagt både kulturelle forskjellar og offisielle retningslinjer ei viktig rolle. Cekaite meiner det kan vere nyttig å problematisere korleis dette kan påverke både praksis i barnehagane og nærleiken og tilliten mellom barnehagelærarane og barna. Ho trur at forskinga hennar kan hjelpe dei tilsette til å reflektere over det dei gjer.
– Eg trur det kan vere nyttig å sjå at ein gjer desse tinga, og at ein bruker kroppsleg kontakt på ein måte som ikkje er farleg, men som er nyttig. Det er ein måte å byggje tillit på. Eg trur vi kan sjå denne praksisen som noko som ikkje berre høyrer til barnehagen, men som høyrer til det å vere menneske.