Når familien får meir ansvar for læringa til småbarna

I Danmark vil ­politikarane at heimen skal vere eit lærings­miljø. Og pedagogane i barnehagen skal vere rettleiarar for ­foreldra. Kva gjer det med ­samarbeidet mellom heim og barnehage?

Tekst: SIW ELLEN JAKOBSEN

Skriv ut

Danske politikarar vil ikkje berre at barnehagen skal spele ei sentral rolle i den tidlege læringa til barna. Også foreldra må ta ansvar, har politikarane slått fast. Dette har barnehageforskaren Lene S.K. Schmidt sett nærmare på.

– Pedagogar får til dømes rettleiing i korleis dei kan tilrå foreldre å hjelpe barna med å måle opp kor stor bustaden deira er, kartleggje familiehistoria eller handle inn mat saman.

Schmidt har leidd eit dansk forskingsprosjekt som har sett nærmare på dei politiske målsetjingane i ulike land om tidleg læring i barnehagen. Forskarane har samanlikna med Danmark. I tillegg har forskarane sett nærmare på informasjonsbrosjyrar frå danske kommunar til foreldra med tekstar som seier noko om korleis foreldre og pedagogar bør samarbeide.

Forskarane har òg delteke på møte med barnehagestyrarar, barnehagelærarar og foreldrerepresentantar. Og dei har besøkt barnehagar.

Utydeleg grense mellom heim og barnehage

Barnehagepedagogar har alltid ­rett­leidd foreldre som har komme med spørsmål om smokke- eller bleieslutt eller om barns sove­mønster.

Men i byrjinga av 2000-talet blei noko endra. I fleire land blei politikarane som bestemmer, tydelege på at barnehagepedagogane må rettleie foreldra om den tidlege læringa til barn. Dette ser dei danske forskarane i fleire internasjonale dokument dei har studert. Det same finn dei i ­danske politiske dokument.

Dermed må pedagogar i barne­hagen og foreldre samarbeide meir om den tidlege læringa til barna. Men Schmidt ser òg noko anna:

– Mens det tidlegare blei lagt stor vekt på læringa til det enkelte barnet, er ein no meir oppteken av lærings­miljøet. Både barnehagen og heimen blir rekna som læringsmiljø. Det gjer at grensa mellom dei blir meir utydelege, meiner Schmidt. Ikkje berre pedagogane, men òg foreldra har no fått ansvar for å sikre kvaliteten på læringsmiljøet til barnet.

Stor forskjell på barnehagane

Samtidig finn forskaren at det er store forskjellar mellom dei danske barnehagane.

I ein stor, offentleg driven ­institusjon ho studerte, blei foreldra mest involverte via loggbøker og digital kommunikasjon. Dei fekk òg vere med som publikum og sjå på presentasjonar av skuleførebuande prosjekt som barna arbeidde med.

I ein liten foreldredriven barnehage var det annleis. Forventinga til foreldra var at dei engasjerte seg i kvardagslivet til heile barnehagen – ikkje berre i sitt eige barn. Foreldra måtte delta i det daglege samværet mellom foreldre og barn, dei måtte ta ansvar for å fôre dyra i barnehagen på skift i helgene, og dei måtte delta i ulike tradisjonar og årlege samankomstar.

Grip inn i profesjonen og foreldreskapet

Forskarane ser i politiske dokument korleis det er forventa at foreldre og pedagogar inngår eit slags part­narskap med kvarandre.

– Det politiske idealet er at foreldre og pedagogar er einige om at det viktigaste målet i livet til barnet er tidleg læring. Det grip inn i den profesjonelle rolla til pedagogane. Det grip òg inn i foreldreskapet og i spørsmålet om kva som er ein god barndom, seier Schmidt.

Dei flytande grensene mellom heimen og barnehagen rører ved ein klassisk diskusjon: Kva er offentleg, og kva er privat? Forskaren stiller òg spørsmål ved om det er rett at pedagogen sin praksis skal nå heilt inn i heimen til barnet.

Foreldra blir bedde om å flytte seg over i det faglege perspektivet til pedagogen i staden for å vere foreldre. Kva gjer det med foreldrerolla? Ein pedagog blei for alvor bekymra over sin eigen påverknad då ein forelder begynte å snakke om eit måltid heime som «ein etesituasjon».

Kva er «rette» foreldre?

Eit anna viktig spørsmål, meiner Schmidt, er kva samfunnet reknar som «rett». Kva er rett kunnskap? Kva er rette verdiar? Kva for eit heime­miljø blir akseptert som eit godt læringsmiljø?

I danske politiske dokument kan foreldre bli kategoriserte etter om dei kjem frå ei «høg» eller «låg» sosial og økonomisk gruppe, og om læringsmiljøet heime er «sterkt» eller «svakt».

Slik ser forskaren at det ikkje berre handlar om tidleg læring. ­Enkelte ønskjer i tillegg å drive ­sosialpolitikk gjennom barnehagen.

– I det augeblikket det blir ­f­orventa at pedagogane skal gå inn og rettleie enkelte foreldre meir enn andre, kan det direkte eller indirekte bli slik at nokre måtar å vere foreldre på blir rekna som betre enn andre, påpeiker Schmidt. Jo lågare sosialt lag foreldra blir vurderte å komme frå, desto meir blir barnehagen sett på som ein institusjon som skal kompensere for heimen og rettleie foreldra.

– Det er mange måtar å vere barn og foreldre på i Danmark i dag. Bør ikkje pedagogane òg arbeide mot at vi innrettar oss etter dette? spør Schmidt.