Dialogkort: Relasjonar og samarbeid

Når familien får meir ansvar for læringa til småbarna

Forskarane ser i politiske dokument korleis det er forventa at foreldre og pedagogar inngår eit slags partnarskap med -kvarandre, og seier: «Det politiske idealet er at -foreldre og -pedagogar er einige om at det -viktigaste målet i livet til barnet er tidleg læring. Det grip inn i den profesjonelle rolla til -pedagogane. Det grip òg inn i foreldre-skapet og i spørsmålet om kva som er ein god -barndom.» Diskuter utsegna.

Til diskusjon:

Her er ein annan påstand som kjem fram i artikkelen: «Dei flytande grensene mellom heimen og barnehagen rører ved ein -klassisk diskusjon: Kva er offentleg, og kva er privat? Forskaren spør òg om det er rett at pedagogen sin praksis skal nå heilt inn i heimen til barnet.»

Kva betyr dette for barnehagepraksisen, og kvar går grensa for kor mykje heimen skal medverke og involvere seg?