Dialogkort: Verdiar og demokrati

Menneskerettar kan lærast frå eittårsalderen

Forskaren som er intervjua i artikkelen, har teke utgangspunkt i tre menneskerettar når ho har gått inn i barnehagar med det ho kallar menneskerettsbriller: retten til eigedom, retten til innverknad og retten til likebehandling. Kan de gi døme på andre menneskerettar som de kjenner igjen i barnehagekvardagen?

Til Diskusjon:

Ifølgje rammeplanen skal personalet gi barna begynnande kjennskap til kor viktige menneskerettane er – særleg barnekonvensjonen.

  • Kva for teikn og uttrykk bruker små barn til å hevde innverknaden sin?
  • Korleis kan vaksne vere sensitive overfor små barn som utydeleg og ikkje-verbalt gir uttrykk for eit ønske om innverknad?
  • Korleis kan vi som vaksne støtte uttrykket til små barn slik at dei får innverknad 
i samspel med andre barn?