Tips og ressursar

På denne siden finner du informasjon om utvalgte ressurser som du som jobber i barnehagen, kan ha særlig nytte av. Det kan for eksempel være filmer, nettressurser eller annet veiledningsmateriell.

Skriv ut

Rammeplanen i bruk

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tredde i kraft for litt over eit år sidan. Sjølv om den nye rammeplanen gir tydelege føringar, gir han framleis lokalt handlingsrom og føreset at personalet gjer gode faglege og profesjonelle vurderingar når dei skal velje innhald, arbeidsmåtar og organisering. Ein viktig del av implementeringsarbeidet er å gjere seg godt kjend med innhaldet i rammeplanen og sjå kapitla og enkeltsetningane i rammeplanen opp mot eigen praksis og det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Dette arbeidet kan bidra til at de utviklar ei felles forståing for oppdraget som er gitt i rammeplanen. Rammeplanen er både eit pedagogisk verktøy og ei forskrift, og ein sentral del av arbeidet blir å vurdere om det pedagogiske arbeidet til barnehagen er i tråd med rammeplanen. Her kan de få tips til støtteressursar:

udir.no/rammeplan

Ståstadsanalysen

Ståstadsanalysen er eit refleksjons- og prosessverktøy for felles vurdering av praksisen i barnehagen. Verktøyet kan brukast av barnehagar som ønskjer å drøfte og vurdere sin eigen praksis opp mot rammeplanen som grunnlag for eit felles utviklingsarbeid. Analysen byggjer på barnehagelova og rammeplanen for barnehagen. I haust kom det nye tema til ståstadsanalysen, inkludert tema til samiske barnehagar, alle fagområda og digital praksis. Les meir på nettet:

udir.no/bsa

Udirs foreldreundersøking for barnehagar

Mange barnehagar nyttar seg av foreldreundersøkingar som gir innsikt i korleis foreldra opplever barnehagen. Utdanningsdirektoratet har utvikla ei nasjonal foreldreundersøking. Her får foreldra og dei føresette seie kva dei meiner om barnehagetilbodet, korleis barna trivst i barnehagen, og korleis samarbeidet mellom heimen og barnehagen er. Det er frivillig for barnehagane å gjennomføre undersøkinga, som er gratis. Barnehagane som vil delta, må gjennomføre undersøkinga mellom 1. og 30. november. Les meir på nettet:

udir.no/fuba

Webinar

Våren 2018 publiserte Utdanningsdirektoratet fleire webinar for barnehagetilsette. Webinara skal vere til inspirasjon i arbeidet med rammeplanen og gi eit grunnlag for vidare refleksjon. Les meir her:

https://www.udir.no/webinarforbarnehager

Test deg sjølv!

I RefLex kan du teste deg sjølv og sjå om du oppfyller krava i regelverket. Logg inn på reflex.udir.no med det same brukarnamnet som til BASIL, og prøv sjølv. Trykk på «?» for å finne ei utfyllande rettleiing til kvart spørsmål. Lykke til! Les meir på nettet:

reflex.udir.no

IKTplan.no

IKTplan er ein nettressurs som bidreg til å auke den digitale kompetansen til dei tilsette og barns gryande digitale ferdigheiter i barnehagen.

Du bestemmer

Dubestemmer.no er ein nettressurs om personvern, nettvett og digital dømmekraft. Her finn du mellom anna filmar, fagtekstar og diskusjonsoppgåver. Les meir på nettet:

www.dubestemmer.no

Barnehagefakta

www.barnehagefakta.no

Del artiklene i Vetuva med andre

Utdanningsdirektoratet har utviklet en digital versjon av Vetuva, som vi håper vil gjøre Vetuva mer tilgjengelig både i og utenfor barnehagen. Dette gjør det også enklere å dele innholdet i magasinet med andre på sosiale medier eller lignende. Du finner årets og tidligere utgaver av Vetuva på:

vetuva.udir.no

Snurr film!

Har du lest artikkelen i Vetuva 2018 om den samiske barnehagen i Tromsø, hvor barna lærer å uttrykke seg gjennom hjertet – og i takt med sine nære omgivelser? Vi har også laget en liten inspirerende filmsnutt fra den samme barnehagen, som du kan se på nett:

vetuva.udir.no/video/

Inspirerende dialogkort

Forskning skal inspirere. Men det kan være en utfordring å finne ut hvordan vi skal bruke resultatene. Vetuva inneholder 44 sider om forskning og fire dialogkort som dere kan rive ut. Bruk dialogkortene som utgangspunkt for faglig refleksjon og dialog – på personalmøtet, ledermøtet og foreldremøtet. Dialogkortene i Vetuva 2018 tar utgangspunkt i fire av artiklene i magasinet. Last ned dialogkortene fra:

vetuva.udir.no