Tips og ressursar

På denne siden finner du informasjon om utvalgte ressurser som du som jobber i barnehagen, kan ha særlig nytte av. Det kan for eksempel være filmer, nettressurser eller annet veiledningsmateriell.

Skriv ut

Nettressurs for opne barnehagar

Opne barnehagar er ein viktig del av eit mangfaldig barnehagetilbod. Denne nettressursen rettar seg først og fremst mot opne barnehagar, men kan òg vere eit nyttig bidrag til andre barnehagar.

www.udir.no/utdanningslopet/barnehage/apen-barnehage/


Barnekonvensjonen 30 år

I 2019 er barnekonvensjonen 30 år. Dette markerer vi med korte filmar som kan støtte arbeidet med barnekonvensjonen i barnehagen. Rammeplan for barnehagen byggjer på barnekonvensjonen. Følg med på udir.no og sjå filmane våre om barnekonvensjonen, barns medverknad og vurdering av kva som er det beste for barnet.

www.udir.no/

Støtte i arbeidet med eit inkluderande barnehage- og skulemiljø

Læringsmiljøprosjektet er eit tilbod til kommunar med barnehagar og skular som ønskjer å jobbe med læringsmiljø og mobbing, og som ønskjer direkte støtte og rettleiing frå rettleiarar som kjem ut til kommunen.

www.udir.no/laringsmiljoprosjektet

Inkluderande barnehage- og skulemiljø – eit samlingsbasert tilbod er eit tilbod for barnehagar og skular som ønskjer noko støtte i arbeidet med trygge og gode barnehage og skulemiljø. Dei som deltek, er med på nasjonale og regionale samlingar, utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass og lærande nettverk, og dei får støtte til ein lokal ressursperson. Ta kontakt med fylkesmannen i fylket dersom du ønskjer meir informasjon om søknadsprosessen.

www.udir.no/inkluderende-barnehage-og-skole-samlingsbasert-tilbud


Rammeplanen i bruk

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen tok til å gjelde i august 2017. Rammeplanen er både eit pedagogisk verktøy og ei forskrift, og ein sentral del av arbeidet blir å vurdere om det pedagogiske arbeidet til barnehagen er i tråd med rammeplanen.

www.udir.no/rammeplan


Ståstadsanalysen

Ståstadsanalysen er eit refleksjons- og prosessverktøy for felles vurdering av praksisen i barnehagen. Verktøyet kan brukast av barnehagar som ønskjer å drøfte og vurdere sin eigen praksis opp mot rammeplanen som grunnlag for eit felles utviklingsarbeid. Analysen byggjer på barnehagelova og rammeplanen for barnehagen. Les meir på nettet:

www.udir.no/bsa


IKTplan.no

IKTplan er ein nettressurs som bidreg til å auke den digitale kompetansen til dei tilsette og barns gryande digitale ferdigheiter i barnehagen.

www.iktplan.no/


Du bestemmer

Dubestemmer.no er ein nettressurs om personvern, nettvett og digital dømmekraft. Her finn du mellom anna filmar, fagtekstar og diskusjonsoppgåver. Les meir på nettet:

www.dubestemmer.no/


Udirs foreldreundersøking for barnehagar

Mange barnehagar nyttar seg av foreldreundersøkingar som gir innsikt i korleis foreldra opplever barnehagen. Utdanningsdirektoratet har utvikla ei nasjonal foreldreundersøking. Her får foreldra og dei føresette seie kva dei meiner om barnehagetilbodet, korleis barna trivst i barnehagen, og korleis samarbeidet mellom heimen og barnehagen er. Det er frivillig for barnehagane å gjennomføre undersøkinga, som er gratis. I 2019 ble resultata for første gong publiserte i statistikkportalen på udir.no. Som vanleg kan barnehagane sjå sine eigne resultat i rapportportalen.

www.udir.no/fuba


Test deg sjølv!

I RefLex kan du teste deg sjølv og sjå om du oppfyller ulike krav i regelverket. Logg inn på reflex.udir.no med same brukarnamn som til BASIL, og prøv sjølv! Trykk på «?» for å finne ei utfyllande rettleiing til kvart spørsmål. Lykke til!

www.reflex.udir.no/Egenvurdering

Frå utdanningsbarnehagar til universitetsbarnehagar

Universitetsbarnehagar er partnarskap mellom Institutt for barnehagelærarutdanning ved OsloMet og barnehagar i Oslo-regionen. Partnerskapet byggjer på tanken om at kvalitetsheving av profesjonsutdanningar best skjer i nært samarbeid med profesjonsfeltet.

I årets Vetuva kan du lese om ein av universitetsbarnehagane i prosjektet (side 36-39).

www.oslomet.no/om/lui/blu/universitetsbarnehager

Barnehagefakta

www.barnehagefakta.no

Inspirerende dialogkort

Forskning skal inspirere. Men det kan være en utfordring å finne ut hvordan vi skal bruke resultatene. Vetuva inneholder 44 sider om forskning og fire dialogkort som dere kan rive ut. Bruk dialogkortene som utgangspunkt for faglig refleksjon og dialog – på personalmøtet, ledermøtet og foreldremøtet. Dialogkortene i Vetuva 2019 tar utgangspunkt i fire av artiklene i magasinet. Last ned dialogkortene fra:

www.vetuva.udir.no